Vårsøglandet

kr 400

ISBN 9788299826037, Publisert  2014, Nynorsk. Forfatter; Hans Hyldbakk, Redaktør: Svein Sæter

Tomt på lager

Produktnummer: ISBN 9788299826037 Kategori:

Beskrivelse

Hans Hyldbakk skreiv Vårsøg, og skapte eit omgrep som fekk plass både i folkesjela og ordbøkene. Geografisk ligg «Vårsøglandet» i Surnadal på Nordmøre, men det er også eit indre landskap som finst i alle menneske. Eit landskap med forventing, håp, nytt liv. Denne boka er ei samling av tekstene til Hans Hyldbakk, illustrert av foto frå Vårsøglandet. Hyldbakk var ein institusjon i heimbygda, og frå skrivestova si på Kleiva kommenterte han små og store hendingar i avisa Heimveg, han gav nytt liv til lokalhistoria og han skreiv dikt med motiv frå folkelivet og landskapet. Her er dei beste dikta og prosatekstene hans, mange av dei på trykk i bokform for første gong. Om lag halvparten av bileta er tekne av medlemmer i Surnadal Fotoklubb. Forordet er ved Henning Sommerro, som har sett tone til fleire av dikta til Hyldbakk. Boka er redigert av Svein Sæter. Frå bokmeldingar “Vårsøglandet er eit skattkammer […] ei bok å lese seg sakte gjennom, men og ei bok å ta fram att gong på gong for å finne det eine diktet, den kvasse kommentarar eller det tvisynte skråblikket […] eit interessant og ikkje minst vakkert portrett av Hans Hyldbakk. Takk!” Iver Gjelstenli, Romsdals Budstikke «Forfattaran Hans Hyldbakks livsverk har kvalitetar som gjør han til en litterær kjempe» Arne Huga Stølan, VG