Blomstererhaug forlag Land org.nr 983398499 tel. +47 40480421

Flyge lågt over fluda

Flyge lågt over fluda

kr 360

Møre og Romsdal Forfattarlag lanserer antologi:

31 forfattarar i éi bok

Mangfaldet er stort når Møre og Romsdal Forfattarlag gir ut bok med tekstar av heile 31 forfattarar.

– Boka viser at vi har eit sterkt og allsidig litterært miljø her i fylket, seier Svein Sæter, leiar i forfattarlaget.

«Flyge lågt over fluda» er den femte antologien frå laget, og den første på eigen kjøl på meir enn 30 år.  Boka rommar både lyrikk og prosa, korte og lengre tekstar, med stort spenn i stil, sjanger og tematikk.

Her skriv etablerte og nye røyster side om side, fastbuande, tilflytta og utflytta forfattarar. Aldersspennet er vidt og kjønnsbalansen god. Til saman speglar bidraga både tradisjonar og band til lokalmiljø, og korleis impulsen frå den større verda også formar blikket på heimstaden.

«Kanskje er vi fuglar som flyg lågt over fluda. Kanskje orda våre rører vassflata og skaper små krusningar i det stille,» skriv redaksjonskomiteen i forordet.

Ei flud, eller flu, er eit skjer som ligg under overflata når det er flo. Antologien spør etter kva som finst i djupna – i landskapet, i historiene og i menneska som bur her eller ber heimstaden med seg vidare.

Kategori: Stikkord:

Beskrivelse

Flyge lågt over fluda
Flyge lågt over fluda er ein antologi frå Møre og Romsdal Forfattarlag

Flyge lågt over fluda er ein antologien frå Møre og Romsdal Forfattarlag. Med tekstar i ulike sjangrar speglar denne boka eit mangfald av stemmer med røter i fjordar, fjell og ope hav.

Forfattarane

Øystein Hauge (f. 1956) frå Vegårshei, bur i Hustadvika. Poet. Siste bok: «Passasjernotat» (2025).

Marit Wadsten (f. 1960) frå Eresfjord, bur i Eikesdal. AFP-ar med noko attåt. Siste bok: «Mardøla 1970. Aksjonen som endra Norge» (2023).

Ann-Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) frå Valderøya, der ho òg bur. Lektor i vidaregåande skule. Har skrive tre ungdomsromanar og håpar på fleire.

Monica Bjermeland (f. 1975) frå Vestnes. Bur i Oslo, der ho er kommunikasjonsrådgivar ved universitetet.

Charlotte Riise (f. 1987) frå Ålesund, der ho bur. Poet som kombinerer skrivinga med læraryrket.

Steinar Hasselø (f. 1961) frå Tingvoll, bur i Surnadal. AFP-ar med noko attåt. Skriv lokalhistorie, fagartiklar og noveller.

Odd Goksøyr (f. 1952) frå Runde, bur i Ulsteinvik. Pensjonert lektor. Allsidig forfattar og trubadur.

Arnljot Grimstad (f. 1931) frå Hareid, bur på Leikong på Gurskøya. Forfattar og dramatikar, tidlegare sjømann, lærar og rektor.

Ann Kavli (f. 1960) frå Åndalsnes, bur i Horten. Skriv i fleire sjangrar, og er i tillegg biletkunstnar.

Jon Ståle Ritland (f. 1968) frå Ålesund, bur i Drammen. Poet, arbeider som augelege. Siste bok: «Vi er bønnene som Gud ber» (2025).

Odd W. Williamsen (f. 1958) frå Kristiansund, der han bur. Historisk sosiolog, pensjonist og forfattar av sakprosa.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) frå Sjøholt, bur i Oslo. Forfattar og journalist, kjent m.a. for «Røff guide til Bibelen» og «Litteratur i Andeby».

Therese Brunstad (f. 1973) frå Ålesund, der ho bur. Skriv både for bok og scene. Siste bok: «Med dette er jeg kanskje noen» (2024).

Berit Rødstøl (f. 1979) frå Verma, bur på Jeløy i Moss. Forfattar og lydprodusent med bakgrunn m.a. frå film og journalistikk.

Kristin Maridal (f. 1959) frå Raudsand, bur i Ålesund. Forfattar og tidlegare journalist. Lever og skriv med MS.

Leiv Arne Grimstad (f. 1951) frå Hareid, der han bur. Pensjonert journalist, skriv barnebøker, vandrebøker, essays, poesi, petitar og artiklar om språk.

Martin Baldysz (f. 1977) frå Knarvik, bur i Syltedalen i Vanylven. Småbrukar og forfattar. Siste bok: «Stille grender» (2025).

Joakim Hunnes (f. 1981) frå Vardal, bur i Spjelkavik. Skriv som regel prosa, og er lærar på vidaregåande skule attåt.

Lars Mæhle (f. 1971) frå Sunndalsøra, bur i Oslo. Skriv bøker for barn, ungdom og vaksne. Glad i sjokoladepudding.

Ingvild Hegge Eriksen (f. 1994) frå Grong, bur på Stranda. Forfattar og frilansskribent, debuterte med ungdomsromanen «Dette forandrer alt» i 2024.

Olav Kristiseter (f. 1973) frå Averøy og Vestnes, bur i Bergen. Stor tilhengar av Henrik Rytters omsettingar av Shakespeare på 1930-talet.

Jan Ove Ulstein (f. 1944) frå Ulsteinvik, bur i Volda. Pensjonist. Allsidig forfattar, salmediktar og poet.

Øyvind Rangøy (f. 1979) frå Averøy, der han bur. Omsetjar og poet på to språk – estisk og norsk. Kulturentreprenør.

Svein Sæter (f. 1960) frå Sunndalsøra, bur i Stangvika. Forfattar, dramatikar og frilansjournalist. Kåsør og forlagsmann.

Arne Ruset (f. 1951) frå Fjørå, bur på Molde. Forfattar, pensjonert psykiater. Har gitt ut bøker i mange sjangrar.

Angela Hagen (f. 1970) frå Torvika i Rauma, bur på Molde. Skjønnlitterær forfattar, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Aina Basso (f. 1979) frå Giske, bur på Nesodden. Utdanna historikar. Skriv for både ungdom og vaksne, har òg skrive sakprosa.

Marit O Kaldhol (f. 1955) frå Ålesund, der ho bur. Skriv for barn, ungdom og vaksne i fleire skjønnlitterære sjangrar. Tidlegare lærar.

Silje Ulstein (f. 1985) frå Ålesund, bur på Gjøvik. Arrangementsansvarleg ved Gjøvik bibliotek og litteraturhus, har skrive psykologiske thrillerar.

Hilde Myklebust (f. 1979) frå Syltedalen, der ho bur. Forfattar og småbrukar. Har skrive lyrikk, barnebøker og ein roman.

Rønnaug Kleiva (f. 1951) frå Vartdal, bur i Oslo. Debuterte i 1985, og har sidan gitt ut ca. 30 bøker i ymse sjangrar, både for vaksne og barn.

 

Tilleggsinformasjon

Vekt 400 g
Dimensjoner 230 × 140 × 20 mm

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Flyge lågt over fluda»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *