Kategorier
Forlag

Blomsterhaug forlag

  • 23.11.: Støgu, Sunndal kulturhus, kl. 19. Arr.: BDMI

Dovrefjell er ei skattkiste. Landskapet, dyrelivet, plantene og kulturminna er unike. Her finst Europas siste opprinnelege villrein og spor etter dei første menneska i Norge. Herifrå blir fjellreven gjeninnført i norsk natur, hit er moskusen henta etter 30 000 års fråvær.

Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark og andre verneområde sikrar denne skatten. Tilsynelatande. For Dovrefjell er under sterkt og aukande press, det same presset som truar alle norske fjellområde: klimaendringar, kraftanlegg, turisme, hytter, vegar.

Denne boka er ei kjærleikserklæring og eit kampskrift, for fjellet.