FRAMSIDA
OM OSS>>>
BØKER
FORFATTARANE
KONTAKT
 
 
 
 
OM NAMNET BLOMSTERHAUG

 

Om oss:

Blomsterhaug forlag held til i Stangvik på Nordmøre, og er eit tomannsforlag som siktar både nasjonalt og lokalt med bøkene sine.

Vi som står bak er Anita Land og Svein Sæter. Svein er forfattar, frilansar og forlagsmann på heiltid. Anita arbeider også med informasjon i Bioforsk Økologisk. Begge har brei erfaring med journalistikk, bokskriving og forlagsarbeid. I Blomsterhaug tar Anita hand om det administrative, mens Svein er redaktør.

Anita har tidlegare arbeidd  med fleire av Sveins bøker, mellom anna som bilderedaktør for Bondelandet og Seterliv (Samlaget, 1994 og 2001).

Svein har skrive bortimot 20 bøker. Dei siste er Draumen om Abebe Bikila. Reisebrev frå Etiopia (Samlaget, 2009), Operatøren. Knut Hauglands egen beretning (Cappelen Damm, 2008), XU. I hemmeleg teneste 1940 – 45 (Samlaget 2007, i samarbeid med Einar Sæter) og Spion i Hitlers rike (Damm 2006).

Napp i øst og vest (mai 2010) er den første boka frå Blomsterhaug forlag.